Tenorane og Steffen Horn
”Så ha ei god jul, då!”
For tiande året på rad turnerer Tenorane og Steffen Horn med
konsertframsyninga ”Så ha ei god jul, då!”
I år har framsyninga blitt ytterlegare skjerpa, og det til tross for at fjorårets
mottagelse var strålande over heile landet.
«Som de begeistret»…»Det var så vakkert at vi fikk tårer i øynene» skreiv
Namdalsavisa. ”Glitrende julekonsert” heitte det i Sunnhordland blad, ”Steffen Horn
briljerer med pasjon på piano”. Halden Arbeiderblad karakteriserte
framsyninga som ”elegant og stilfull”. ”
Ord som ”humørfylt” og ”mektig” gjekk jamt att i kritikkane.
Og her ligg kan hende nøkkelen til suksessen: Tenorane tek jula sitt mektige
bodskap, på alvor, men heile tida med ein glimt i auget.
Og dei står i trygt planta midt i ein god tradisjon: Få fenomen har inspirert
komponistar og tekstforfattarar i så sterk grad som jula. Ja, det er ikkje ei
overdriving å seie at sjølve juletradisjonen fyrst og fremst vert formidla og blir
halde ved lag gjennom tonar og ord. Kva hadde jula vore utan songane som høyrer til?
I spennet mellom ”Så går vi rundt om en enebær busk” og Bachs ”
Juleoratorium”, frå Puccini til Prøysen og Presley, pustar Tenorane sølvstøv
over alle oss som sårt treng ei pause i kvardagane, ei pause for glede og fred og
laussluppen, leiken latter. Alt pakka inn i lekre musikalske arrangement.
Tenorane er i ferd med å etablere seg som ein av landets beste songtrioar.
Gruppa består av Henrik Hundsnes, Hallvar Djupvik og Aasmund Kaldestad
med den eminente Steffen Horn på piano. ”Han som får tangentane til å smile”.
No kastar dei seg altså, med høgt humør, over kjente og mindre kjente
julesongar, i håp om å bidra til å strø musikalsk, glitrande glede over
julefeiringa.
For til sjuande og sist er vel humor å ta gleda på alvor?
Hjarteleg velkomne.
30.november 2018 kom juleplate «Julekveld»
1.desember 2016 ga Tenorane ut Juleplata «Julesong».
Forestillinger:
Dato: Sted: Voksen: Barn:
12.12.2020 19:00 Bjugn Kulturhus 320,- Kjøp

Nettsiden er designet og utviklet av SocialGrab AS